KF-614 Teater i kontekst, Universitetet i Agder by Guro Kristin Gjøsdal

Blindsone: basert på romanen "Eit anna blikk" av Erlend Skjetne
Hip hop-teateret Blindsone

I hip hop-teateret Blindsone for Den kulturelle skulesekken (også forkorta til DKS) møter vi dei to ungdomane Anwar og Walid. Dei er to mindreårige flyktningar frå Afghanistan, som bur på eit mottak i Noreg.  Anwar og Walid blir spelte av to norsk-afghanske skodespelarar og musikarar frå Oslo, som sjølve har flyktningbakgrunn. Inspirert av Gjøsdal (2023) og Sørhusbakken (2020) er scenespråket og det skriftlege arbeidsspråket i produksjonen fleirspråkleg, med vekt på nynorsk.

I Blindsone blir vi kjende med gutane på mottaket, men blir vi også kjende med skodespelarane og deira syn på historia? Framsyninga spør: kven har eigentleg definisjonsmakta i samfunnet vårt? Kven fortel historiene? Og kva er blindsonene?

Blindsone er ei Devised hip-hop teaterframsyning for 10. trinnet og vidaregåande opplæring for DKS. Framsyninga har vekt på språk og interkulturell pedagogikk (jamfør Børhaug & Helleve, 2016; Kjelaas & van Ommeren, 2022) der representasjon, definisjonsmakt for helse og demokrati er tematisert.

Blindsone er basert på ungdomsromanen "Eit anna blikk", som forfattar Erlend Skjetne fekk Brageprisen for. Skjetne har, som eg, erfaring som lærar for mindreårige flyktningar frå Afghanistan i vaksenopplæringa. Framsyninga er produsert av Nynorsk kultursentrum, Møre og Romsdal fylkeskommune, Nynorsksenteret, manusforfattar og regissør Mine Nilay Yalcin, skodespelarar og musikarar Jahanger Ali og Samir Madad.

Ringar i vatnet
Performativ inngang (Belliveau & Lea, 2016; Bjørnstad & Ellinggard, 2023)

Metaforen "ringar i vatnet" er brukt som symbol på intensjonen og effekten som ligg i menneske, samarbeid, tema, profesjon og disiplinar for å bidra til språkmangfald og interkulturell pedagogikk.

Det er vår i 2020. Dette semesteret har eg fått heil og fast stilling ved Nynorsksenteret–Høgskulen i Volda. Hjartet mitt bankar. Eg står ved sjøen heime. Eg held ein kompakt, mjuk og varm stein med tydelege raudkvitgråe nyansar i handa.

Kven er eg? Kva kan eg bidra med?, tenkjer eg og ser utover fjorden medan svala fyk rundt meg.

Tilbake ved røtene på vestkysten av Noreg. Etnisk norsk kvinne fødd i 1981 med privilegia, men også eiga historie der det kan vere sår, motivasjon – vilje til stemme og transformasjon. Ansvar og omsorg i det daglege for to fødde i 2007 og 2011 aleine. I vingar, profesjon og fag: kunstnar, forskar og lærar. Studerer for førstelektoropprykk. Arbeider med språk og skriftkultur, tverrfagleg kunst/estetikk med vekt på teater. Helse- og demokratiperspektivet som grunnleggande motivasjon. Det interkulturelle.

Tenker på ei fagleg periode som var særleg lærerik, utfordrande og meiningsfull: å vere kontaktlærar i vaksenopplæringa for mindreårige flyktningar frå Afghanistan om lag i perioden 2015–2018.

Eg spør meg: kan summen av røtene og vingane mine til no gjere – vere – bidra i ein Devised teaterfagleg kontekst? Kan dette symbolsk og metaforisk «skape ringar i vatnet» no og framover?

Steinen blir symbol på intensjonen i den eg er, kva eg har fått, og det eg vil gi vidare. Eg ber altså om å få bidra, skape ringar i vatnet med det eg har til no og vidare. Skape bølger av transformasjon og utvikling. Alle kan gjere ein forskjell. For helse og demokrati.

For helse og demokrati. Eg tek sats. La meg kome i gang. Eg både er og kan noko, eg også. La meg og gode medforskarar eg møter på vegen skape ringar i vatnet. La oss skape teater. Høgrearmen har kraft gjennom lufta, slepp. Steinen treff vatnet … Så er vi i gang!

Eg arbeider ved Nynorsksenteret–Høgskulen i Volda. Nynorsksenteret (Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa–Høgskulen i Volda) (2025) er eit ressurssenter for nynorsk frå barnehage til og med høgare utdanning, inkludert vaksenopplæringa og Kulturtanken/Den kulturelle skulesekken (DKS) (sjå fotnote). Senteret fremjar metodar og arbeidsmåtar som kan motivere og auke kvaliteten på arbeidet med nynorsk i opplæringa. På sidemål, hovudmål og som andrespråk. Nynorsksenteret driv forskingsformidling og praksisnær aktivitet basert på relevant forsking og medverkar til at feltet får auka kompetanse til å tolke og ta i bruk gjeldande planar og lovverk. Senteret skal også vere rådgjevar for dei nasjonale utdannings-, språk- og til ei viss grad kulturstyresmaktene. Norsk = bokmål og nynorsk, og norskfaget er i alle fag. Det er praktisk og estetisk, oppdatert og moderne. Det er for folket, alle som lever i Noreg i dag. Arbeidet ved Nynorsksenteret blir svært tverrfagleg innanfor heile opplæringsfeltet. Her får eg bruke heile meg og heile utdanninga mi, og meir til. Det liker eg svært godt.

Eg identifiserer meg og arbeider generelt og dynamisk i og mellom dei ulike identitetane og rollene som A/R/Tograf (artist–researcher–teacher) (LeBlanc & Irwin, 2019) – med vekt på språk, kunst/estetikk og interkulturell pedagogikk. Identitetane sameksisterer og påverkar kvarandre. I Blindsone bidreg eg med idé og praktiserer innanfor metodologien A/R/Tografi og Research-based Theatre (Belliveau & Lea, 2016). Dette som forskande dramaturg med ansvar for det nynorske scenespråket og utviklinga av undervisningsmateriell som skal følge med produksjonen i turné.

Det estetiske uttrykket og den etiske refleksjonen er uløyseleg knytt til kvarandre i dette arbeidet. Det handlar ikkje berre om kva som vert skapt, men korleis og kvifor det vert skapt. Den etiske dimensjonen vil eg kome nærmare inn på i neste bolk.

Kunnskapen i og gjennom Blindsone har vorte utvikla kontinuerleg gjennom kroppsleg og situert praksis (jamfør Living Inquiry) (LeBlanc & Irwin, 2019). Prosessen skal vere open, relasjonell og i stadig utvikling. Kontiguiteten (ny kunnskap og innsikt) i prosjektet har skjedd når den kunstnariske dimensjonen, tekst og erfaring har møtt kvarandre og blitt vevde saman. Vi har brukt metaforar og metonymi (bildespråk og symbol) for å uttrykke og forstå erfaringar som har gått utover det rasjonelle og det lineære ved det å vere mindreårig flyktning i Noreg.

Det har vore spennande å sjå kva tid kunstnariske og forskingsmessige uttrykk har gitt gjenklang, eller reverberasjonar (ibid.), i oss som er medforskarar og i publikum. Dette opplever eg har skapt nye forbindingar og innsikter.

I prosessen erfarer eg at det er ikkje alt som kan fangast i språk og teori, men som likevel gir meining og kjennest nærmast overskridande (excess). Dette skjer gjerne der vi kjenner den estetiske dimensjonen. Den gir nærmast eit overskudd av meining. Dette viser meg at kunnskapen ikkje utviklast lineært, men som eit nettverk av forbindingar, brudd og nye retningar (jamfør rhizomatisk tenking av Deleuze & Guattari) (Drumm, 2024).

Devised-metoden er nytta i utviklinga av Blindsone-produksjonen. Devised teater er ei kollektiv metode for teaterskaping der manuset og/ framsyninga har grunnlag i samarbeidande og ofte improvisatorisk arbeid av eit utøvande ensemble (Stene, 2015, s. 297-325).

Blindsone er også eit bidrag for meir nynorsk i DKS (Kulturtanken, 2025). Eg har vore i arbeidsgruppa for satsinga (2020–2024), og har i tillegg hatt språkleg, kunstnarisk og pedagogisk rettleiing for produksjonar i satsinga. Satsinga er ferdigstilt, og samarbeidet vil halde fram i ny form.

I Stortingsmelding nr. 8, Kulturell skulesekk for framtida (Regjeringa, Kultur- og likestillingsdepartementet, 2007) er det understreka at det språkpolitiske perspektivet skal vere vektlagt i programmeringa av tilbodet i DKS. «Det er viktig at kommunar og fylkeskommunar også har eit språkpolitisk perspektiv i tankane når dei legg planar for Den kulturelle skulesekken. Det er ønskeleg med eit visst tilbod på nynorsk også for bokmålselevar».

Paulo Freire og «De undertryktes pedagogikk» (Freire, 1999) framheva tidleg og grunnleggande for seinare forsking kor viktig det er med Empowerment i utdanningsprosessar. Teater i kontekst som kritisk interkulturell pedagogikk kan vere ei kraftfull metode for å utfordre og transformere. Dette føremålet er med på å gi ein teoretisk støtte til produksjonen sine argument og analysar. Det er også med på å anerkjenne teater i kontekst som eit verktøy for identitetsutvikling i interkulturelle, språklege og kulturelle kontekstar.

I 2026 er DKS 25 år. I høve jubileet skal det verte utgitt ein antologi (Engen, 2024) med forskingsperspektiv som kan utdjupe, utvide og utfordre kva roller DKS har og kan ha i opplæringa. Antologien vert ein del av skriftserien Kunst og kultur i opplæring, initiert av Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen. Eg bidreg med ei A/R/Tografisk undersøking av produksjonen Blindsone, og eg ønsker at studiet Teater i kontekst også skal gi meg konkret struktur og engasjement (jamfør Østern, 2017) i skriveprosessen – som vil bli den første vitskapleg publiserte artikkelen min dersom eg lukkast.

Både hip hop, Devised metoden og det nynorske språket har røter i antiautoritært, demokratiserande tankegods, og i same tradisjon hentar artikkelen teorigrunnlag frå forskingsfeltet kunstnarisk forsking. Sosiologi og psykologi er også i samanheng, men det vektlegg eg i mindre grad i dette studiet. Datamaterialet er medverkande i teorivalet, og teksten går inn i ein fortolkingsprosess innanfor kunstfagleg forsking (Belliveau & Lea, 2016; LeBlanc & Irwin, 2019; Østern, 2017) der empirien peikar ut tidlegare relevant forsking.

Fotnote: Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal ordning som sørger for at alle skuleelevar i Noreg får oppleve profesjonell kunst og kultur i skulen. Dette skal vere av høg kvalitet og vise breidde innanfor uttrykka film, kulturarv, litteratur, musikk, scenekunst og visuell kunst (Den kulturelle skulesekken, Kulturtanken, 2025). Blindsone er eit bidrag innanfor scenekunst.

Barad, K. (2003). Posthumanist performativity: Toward an understanding of how matter comes to matter. Academia.

Belliveau, G., & Lea, G. W. (Red.). (2016). Research-based Theatre: An Artistic Methodology (1. utg.). Intellect Books. https://doi.org/10.2307/j.ctv36xvrxh

Bjørnstad, G. B., & Ellinggard, S. N. (Red.). (2023). Performative innganger til undervisning. Universitetsforlaget. https://www.universitetsforlaget.no/performative-innganger-til-undervisning

Bolt, B. (2016). A Performative Paradigm for the Creative Arts? University of Melbourne. https://www.herts.ac.uk/__data/assets/pdf_file/0015/12417/WPIAAD_vol5_bolt.pdf

Børhaug, F. B., & Helleve, I. (2016). Interkulturell pedagogikk som motkraft i en monokulturell praksis. Fagbokforlaget.

Conrad, D. (2002). Drama as Arts-Based Pedagogy and Research: Media Advertising and Inner-City Youth. https://www.researchgate.net/publication/234758281_Drama_as_Arts-Based_Pedagogy_and_Research_Media_Advertising_and_Inner-City_Youth

Den kulturelle skolesekken. (2025). Blindsone: Basert på romanen. Den kulturelle skolesekken. https://www.denkulturelleskolesekken.no/utforsk-produksjoner-i-dks/?produksjon=13660

Den kulturelle skulesekken, Kulturtanken. (2025). Den kulturelle skolesekken. Kulturtanken. https://www.kulturtanken.no/den-kulturelle-skolesekken/

Drumm, L. (2024). Becoming rhizome: Deleuze and Guattari's rhizome as a theory and method. Academia. https://www.academia.edu/126318853/BECOMING_RHIZOME_DELEUZE_AND_GUATTARIS_RHIZOME_AS_A_THEORY_AND_METHOD#loswp-work-container

Engen, T. (2024, september 17). Ny antologi om Den kulturelle skolesekken. Kulturtanken. https://www.kulturtanken.no/aktuelt/2024/ny-antologi-om-den-kulturelle-skolesekken/

Freire, P. (1999). De undertryktes pedagogikk (2. utg.). Ad notam Gyldendal.

Gjøsdal, G. K. (2023, mai 27). Kvifor nynorsk i Den kulturelle skulesekken? Periskop. https://periskop.no/kvifor-nynorsk-i-den-kulturelle-skulesekken/

Gjøsdal, G. K. (2024). Ringar i vatnet [Foto].

Haraldsen, H. M., & Ingul, S. (2017). Negotiating Narrative Identity in Intercultural Contexts—The Role of Applied Theatre. Journal for Research in Arts and Sports Education, 1(0). https://doi.org/10.23865/jased.v1.536

Hastings, T. J., & Sæther, K.-W. (2024). Views of Nature and Dualism: Rethinking Philosophical, Theological, and Religious Assumptions in the Anthropocene (1st ed). Palgrave Macmillan.

Kjelaas, I., & van Ommeren, R. (2022). Andrespråksopplæring for nyankomne ungdommer–Tilnærminger for mestring og myndiggjøring. Fagbokforlaget.

Kulturtanken. (2025). Nynorsk i DKS. Kulturtanken. https://www.kulturtanken.no/den-kulturelle-skolesekken/nynorsk/

LeBlanc, N., & Irwin, R. L. (2019). A/r/tography. I N. LeBlanc & R. L. Irwin, Oxford Research Encyclopedia of Education. Oxford University Press. https://doi.org/10.1093/acrefore/9780190264093.013.393

Nynorsk kultursentrum. (2024). Blindsone [Foto].

Nynorskbok.no. (2021). Erlend Skjetne: Eit anna blikk – Nynorskbok. https://nynorskbok.no/aldersgruppe/ungdom/erlend-skjetne-eit-anna-blikk/

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda. (2025). Heimeside. Nynorsksenteret. https://nynorsksenteret.no/

Regjeringa, Kultur- og likestillingsdepartementet. (2007, november 30). St.meld. Nr. 8 (2007-2008)—Kulturell skulesekk for framtida [Stortingsmelding]. Regjeringa.no; regjeringen.no. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/Stmeld-nr-8-2007-2008-/id492761/

Stene, Ø. (2015). Skuespillerkunsten. Universitetsforlaget.

Sørhusbakken, K. (2020, november 10). – Nynorsk er maktkritikk. Kulturtanken. https://www.kulturtanken.no/aktuelt/2020/nynorsk-er-maktkritikk/

Universitetet i Agder. (2025). KF-614 Teater i kontekst (Høst 2023)—Universitetet i Agder. https://www.uia.no/studier/emner/2023/host/kf-614.html

Østern, T. P. (2017). Å forske med kunsten som metodologisk praksis med aesthesis som mandat. Journal for Research in Arts and Sports Education, 1, 7–27. https://doi.org/10.23865/jased.v1.982

Østern, T. P., Jusslin, S., Knudsen, K. N., Maapalo, P., Bjørkøy, I. (2023). A performative paradigm for post-qualitative inquiry. Journals SAGE. https://journals.sagepub.com/doi/pdf/10.1177/14687941211027444

Manus

Film av sceneproduksjonen Blindsone
Film frå premieren Vinjesenteret, Nynorsk kultursentrum, desember 2023. Passord: Blikk

Med støtte i teori og erfaring ser eg at å arbeide med teater i kontekst kan vere verdifullt for helse, demokrati og berekraft. I Blindsone er det aktuelt å forske vidare på fleire deltakarar sine opplevingar og personlege møte med produksjonen.

Avslutningsvis tek eg eit blikk på identitetsutvikling i interkulturelle kontekstar. Det er fleire tekstar som diskuterer tema innanfor identitetsutvikling, teater i kontekst og interkulturell pedagogikk. I artikkelen «Negotiating Narrative Identity in Intercultural Contexts – The Role of Applied Theatre» (Haraldsen & Ingul, 2017) finn eg formål i korleis teater i kontekst kan bidra til identitetsutvikling i interkulturelle konsept gjennom narrativ identitet.

Å meistre identitet påverkar individet sin livsmeistring, og dette er særleg utfordrande for menneske med interkulturell bakgrunn. Dette er universelt og tidlaust, og eg erfarer at det også er ei problemstilling for mindreårige afghanske flyktningar som produksjonen tematiserer. Teorien om narrativ identitet kan seinare fungere som eit rammeverk for å utforske identitetsutvikling i interkulturelle kontekstar.

Kulturar påverkar korleis identitet vert utvikla og uttrykt, og at det er ulike prioriteringar mellom individuelle og kollektive mål. Dette er også eit aesth/ethics (Hastings & Sæther, 2024, s. 32–33) heilskapleg ansvar eg må vere merksam på som A/R/Tograf i arbeidet med scenekunstproduksjonen Blindsone.

Omgrepet aesth/ethics, slik det vert brukt av Sigurd Bergmann (ibid.), er ei samansetning av orda aesthetics (estetikk) og ethics (etikk). Det gir ei integrert tilnærming der det estetiske og det etiske ikkje er handtert som åtskilte sfærar, men som gjensidig avhengige og samanvevde dimensjonar av menneskeleg erfaring og handling. Dette omgrepet er eit tips frå ein god venn og kollega her på Avdeling for humanistiske fag og lærarfag ved Høgskulen i Volda. Det opplever eg har relevans også innanfor kunstfagleg forsking, og eg vil utforske samanhengane vidare.

Å forske A/R/Tografisk gjennom teori og metodar innanfor teater i kontekst skaper eit rom for ein estetisk læreprosess som gir moglegheit til å utforske, konstruere, rekonstruere og meta-reflektere – også over temaet og verdien av til dømes identitet – gjennom interkulturell pedagogikk, språk og kultur, som produksjonen Blindsone rører ved.

Oppmerksamt nærvær i forsking. Kva rører seg i blindsonene? Kva legg du merke til som du elles ikkje ville lagt merke til?

Tusen takk for meg!

Å få ta dette emnet som førstelektorstudent betyr mykje for meg. Eg har fått bekrefta og lært mykje, og eg har blitt kjend med alle dokker. Det inspirerer meg – og eg vil veldig gjerne halde kontakten og vere open for eventuelle samarbeid.

God helsing frå Guro

Blindsone i ein koffert
Ei øving frå G. Belliveau under workshopen ved UiA:

Min koffert/mitt forskingsprosjekt er pakka med

Kjærleik, språk, kunst, kultur, mangfald, blikk, stemme, verdiar, rettferd, heilskapleg helse, demokrati, håp, danning, utdanning, potensiale, min plass, din plass, tryggleik, sanning, nye venner, nye dører, meining, samarbeid, samhandling, tru, bygge bru, fri frå skam, gjere felles.

Mi forsking står på fundamentet av intensjonen, profesjon og disiplinar tverrfagleg, språket og skriftkulturen – og samarbeidet mellom medforskarane.

Professor George Belliveau spesialiserar seg på teaterpedagogikk der han integrerer teater som ei form for forsking og kunstnarisk uttrykk på tvers av fleire disiplinar. Han er ein internasjonal leiar innan forskingsbasert teater, og har delt si performative tilnærming til forsking til ei rekke land i verda.

Boka Research-based as Methodology (2016) etablerer det komplekse, rike og transformerande i eit stadig veksande felt innanfor kunstnarisk forsking.

Her kan du finne meir informasjon og filmar om Belliveau sitt arbeid.

Sjå til dømes filmen om Contact! Unload. Det er eit forskingsbasert skodespel om belastingsskader soldatar lir av etter utplassering (her Afghanistan, og med dette eitt til blikk på kva "ringar i vatnet" av uhelse konflikten i Afghanistan påfører menneske) i krigs- og konfliktområde. Eg kjenner "ringane i vatnet" av forskingsprosjektet gjennom at eg vert rørt, får frysingar, og blir inspirert til kva ein slik metodologi for forsking kan gjere for å bygge bru, helse, demokrati og berekraft.

Research-based Theatre (RbT) (Belliveau & Lea, 2016) er ei kunstnarisk forskingsmetode som kombinerer teater og akademisk forsking for å formidle innsikt på ein levande og engasjerande måte. Metoden tek utgangspunkt i empiriske data (som intervju, observasjonar eller annan kvalitativ forsking) og formar dette om til teatermanus og framsyningar. I staden for å presentere forsking gjennom tradisjonelle akademiske tekstar viser RbT forskinga gjennom sceniske uttrykk og teaterfaglege metoder. Dette kan gjere komplekse tema meir tilgjengeleg og gripande. Metodologien er spesielt egna til å løfte fram marginaliserte stemmer og perspektiv, og skaper eit rom for dialog mellom akademia og samfunnet. På denne måten er metodologien tverrfagleg og inkluderande.

Eit slik arbeid inkluderer til dømes utvikling av manus, workshops, omskriving, prøver og framsyningar – og refleksjon over responsen frå publikum. Belliveau & Lea (2016) ser på RbT som ein meiningsfull metode for undervisning og samfunnsengasjert forsking, der deltakarar ofte er medskaparar i prosessen. Forskingsprosessen med Blindsone hentar då perspektiv og metode også frå Research-based Theatre, og også element frå Etnodrama (Conrad, 2002).

Ein anekdote frå A/R/Tografen (performativ skriving)

Intervju med M. Noman Rasully. Han har også vore rådgjevande i prosessen med utviklinga av framsyninga Blindsone.

Undervisningsopplegg som følger framsyninga i turné
Utvikla av Guro Kristin Gjøsdal, Nynorsksenteret.

Privatpersonen og A/R/Tografen: med røtter og vingar

Å bruke heime som utgangspunkt og for forsking

You may say I'm a dreamer (Imagine av John Lennon, 1971)

Eit ønske om fred, kjærleik og tryggleik

Å bruke heime som utgangspunkt for forsking

Røtter og vingar

Refleksjonar frå ein lærar
Refleksjonar frå ein lærar som saman med deltakarar ved Ørsta vaksenopplæringssenter har arbeidd med "Eit anna blikk" av Erlend Skjetne, sett framsyninga Blindsone, og reflektert over "ringane i vatnet" med deltakarane sine.

Ph.d.-emnet Teater i kontekst ved Universitetet i Agder (2025) handlar om å forstå teater som ei kunstform innanfor kulturelle, historiske og sosiale omgjevnader. Kontekstane bidreg til ei heilskapleg og kompleks forståing av korleis teater fungerer som ein dynamisk og interaktiv kunstform. Korleis teateret vert tilpassa og påverka av dei samfunnsmessige og kulturelle omgjevnadane teateret eksisterer innanfor, er sentralt. Dette ønsker eg å undersøke "ringar i vatnet av" gjennom scenekunstproduksjonen Blindsone og eksamensframlegget. Metodologiane A/R/Tografi (bolk 5) og Research-based Theatre (bolk 4) er profesjonsfaglege analyseverktøy eg har blikk gjennom.

Kontekstuelt er historisk, kulturelt, sosialt, geografisk, økonomisk og teknologisk – einskild eller samanvevd. Framlegget ønsker å gi eit blikk og undersøke noko korleis Blindsone tangerer kontekstuelt og gir kunstnariske og humanistiske «ringar i vatnet» for språk og interkulturell pedagogikk.

Performativ forsking er eit eige forskingsparadigme ved sida av det kvalitative og kvantitative (Haseman i Bolt, 2016). Forsking blir her forstått som ei skapande handling – ikkje berre som representasjon av verkelegheita, men som noko som skapar verkelegheit gjennom praksis.

Resultata presenterast som performative ytringar og utvidingar – dei gjer noko i verda, ikkje berre beskriv den. Kunstnarisk praksis er då ikkje berre illustrasjon, men sjølve forskingsmetoden med eigne prinsipp og valideringsformer. Forskinga blir ein prosess i rørsle, som skaper endring både i forskaren og i verda.

I posthumanismen og performativ forsking vert kunnskap forstått som alltid i utvikling, aldri fast eller endeleg, altså "knowledge-in-becoming" (Østern, Jusslin, Knudsen, Maapalo & Bjørkøy, 2023). Forskinga skal ikkje nødvendigvis representere ei objektiv røynd, men produsere nye verkelegheiter gjennom handling og relasjon. Forskaren er då ikkje ein nøytral observatør, men ein kroppsleg og affektiv (kjensleprega) deltakar i forskingsprosessen – og i stadig skaping. Forskaren er då innfiltrert i forskingsobjektet og verda, og i dette perspektivet er det ikkje nokon utanforståande posisjon.

Dette paradigmet opnar for kunstnarisk fridom, eksperimentering og inkludering. Det utfordrar etablerte normer for kva forsking er og bør vere. Eg plasserer forskinga mi i dette performative forskingsparadigmet i samtida. Det gir meg røtter og vingar!

Hei!

Eg er Guro Kristin Gjøsdal. Eg er kunstnar, forskar, lærar og kulturformidlar interdisiplinært i faga kunst og handverk, dans – og med vekt på norskfaget, det interkulturelle, musikk, teater og drama. Eg har ein mastergrad i teater og drama med fordjuping i tre ulike praksisar av Michael Chekhovs skodespelmetode i vår tid. Eg identifiserer meg innanfor metodologien A/R/Tografi. Eg har helsefagleg utdanning og erfaring på vidaregåande nivå. Det helsebringande perspektivet er grunnleggande for meg i profesjon og disiplinar.

Velkommen til meg på Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda!

Du får vite meir om meg og konteksten eg arbeider innanfor i bolk 5.

No skal du få vere med å sjå og skape "ringar i vatnet" her inne (forklart i bolk 6 her i Padlet) gjennom undersøkinga av kontekstane rundt hip hop-teateret Blindsone for Den kulturelle skulesekken – i studiet Teater i kontekst ved Universitetet i Agder.

I utstillinga kan du gi faglege kommentarar og/ hjarter der du kjenner at forskinga mi resonnerer i deg (jamfør feedback-loops og det relasjonelle i metodologien Research-based Theatre, Belliveau & Lea, 2016).

Avslutningsvis eller etter eksamen kan du gjerne gå tilbake hit og svare noko på:

Kva «ringar i vatnet» opplever du hip hop-teateret Blindsone gir/kan gi for språk og interkulturell pedagogikk? Er det noko du blir særleg merksam på som du vil dele med meg?

Kva tips har du/de til struktur og vektlegging/prioritering for den vitskaplege artikkelen eg skal skrive om produksjonen i Kulturtanken sin jubileumsantologi, 2026?

Har de nokon gode råd og tips når eg snart skal søke førstelektoropprykk innanfor språk og estetikk/kunst her ved Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda?

Med min interdisiplinære bakgrunn: korleis skal eg etablere meg enno sterkare innanfor kunstfagleg forsking – regionalt, nasjonalt og gjerne noko internasjonalt?

... eller anna du oppdagar i utforskinga.

På førehand takk! God undersøking!

Bloggtekst Erlend Skjetne, etter publiseringa av romanen "Eit anna blikk".

Innanfor posthumanistisk kunstforsking og arbeid med teater i kontekst er etikken relasjonell og ikkje-antroposentrisk (jamfør Barad, 2003; Belliveau & Lea, 2016; Bolt, 2016; Conrad, 2002; Drumm, 2024; Haraldsen & Ingul, 2017; LeBlanc & Irwin, 2019; Stene, 2015; Østern, 2017; Østern, Jusslin, Knudsen, Maapalo, Bjørkøy, 2023).

Det er altså ikkje mennesket aleine som er i sentrum for kunnskapen. Etiske perspektiv innanfor material, teknologi og miljø er også sentralt og omhandla. Etiske vurderingar er i alt som skjer, i møte med det ein ikkje kan sjå føre seg på førehand og det kroppslege. Karen Barad (2003) meiner at etikk skjer i interaksjon mellom medforskarane og ikkje som ein definert norm. Dei er altså situerte og ikkje universelle.

Teater er i kontekst (Belliveau & Lea, 2016). Etiske vurderingar må ta omsyn til kulturelle, historiske og sosiale kontekstar der Blindsone vert utvikla og formidla. Vi arbeider med representasjon. Det gir ansvar. Korleis menneske og gruppe vert framstilt på scena har ei etisk tyding, spesielt når vi her arbeider med marginaliserte stemmer. Dette krev ein aktiv etisk praksis og dialog mellom medforskarar. Vi må vere særleg merksame sidan vi arbeider med samfunnsengasjert teater.

Det har vore ei etisk utfordring å transformere forskingsdata til dramatisk form, og å samstundes ta i vare medforskarar og tema. Medforskarane har måtte ta aktive val til kva dei vil beskytte og kva dei vil dele i det kunstnariske uttrykket. Det har vore viktig for oss at framsyninga skal gi både ein estetisk og etisk resonans i korleis publikum og samfunn vert påverka.

Vi har vore i relasjon med menneske, material og idear i ei levande undersøking. Vi har erfart at etiske vurderingar har måtte skje gjennom kroppsleg erfaring, refleksjon og dialog – ikkje berre gjennom tverrfagleg teori.

Vi har måtte tole å stå i det uferdige og ukjende, og halde oss til og vere i dialog om avtaler. Å ta seg og kvarandre i vare som medforskarar er ein særs viktig dimensjon ved arbeidet.

Kvifor nynorsk i DKS?

– Nynorsk er maktkritikk

Meir nynorsk i DKS
Landingsside for satsinga med rapport, Kulturtanken.no